I 1936 tok Robert Kloster opp arbeidet med eit program for kulturgeografisk registrering på Vestlandet. I utgangspunktet var dette eit samarbeidsprosjekt mellom sentrale og lokale musé på Vestlandet. I regi av Historisk museum i Bergen vart det utarbeidd spørjeskjema som vart sendt til alle vestnorske musé og til eit kontaktnett av medarbeidarar og tillitsmenn utover på bygdene. Emna som vart tekne opp, var konsentrert om tun og tunskipnad, husbygging, eldstader og husbunad. Under krigen stoppa arbeidet opp. Men fekk seinare ei vidareføring gjennom programmet for registrering av bygdehandverk på Vestlandet. Den gongen var utgangspunktet å supplera museumsamlingane med oversyn over gjenstandsmaterialet og handverkstradisjonar på bygdene, for å setja museumsmaterialet inn i sin rette samanheng. Det var dette perspektivet som i 1969 låg bak det samarbeidet som vart innleidd mellom Historisk museum og Universitetet i Bergen og fylkeskonservatoren i Hordaland, om ei vidareføring av KGR-registreringane på ein litt annan måte enn tidlegare. Det vart satsa på arbeidsgrupper av studentar i kulturhistoriske fag for registreringsarbeid i kommunane, og frå 1975 har arbeidet i Hordaland gått parallelt med registreringa av faste kulturminne, og har omfatta ulike tema som husbunad, rosemåling, handverkstradisjonar, utstyr og reiskap i sjøbruket m.m. 50 år seinare, i 1986, var perspektivet å byggja opp lokale kunnskapsbankar i kommunane, register over gjenstandsmateriale, tradisjonsmateriale, faste og lause kulturminne – der musea med sine samlingar og arkiv ville kunna framstå som faglege ressursinstitusjonar. KGR-registeret som er arkivert i Hordaland fylkesarkiv inneheld enkle opplysningar om bygningar og/eller gjenstander. Registreringa er i skriftform, gjerne med enkle teikningskisser og oftast med foto. Mange gjenstandar var gamle påregistreringstidspunktet. - Frå den ”førindistrielle” tida, (før 1900), og frå arbeidsplassar innan for primærnæringane jordbruk, fiske og handverk. Men her er også eksempel på registreringar av nyare gjenstandar og frå nyare bedrifter. Arkivet inneheld også intervju om ulike tema. Det meste av KGR-registreringane er frå kommunar i Hordaland, men her er også registreringar frå Sogn og Fjordane, og Møre og Romsdal.