Kontollutvalet vart oppretta med heimel i § 77 av kommunlova av 1992. Lova satte krav til at kommunestyret skulle velje eit kontrollutval for å «forestå det løpende tilsyn med den kommunale og fylkeskommunale forvaltning». Kontrollutvalet var underlagt kommunestyret. Tidlegare var det formannskapet som hadde ansvar for tilsyn- og kontroll i kommunane. Då kontrollutval vart oppretta skulle kontrollen vere mest mogleg uavhengig av politisk leiing. Det vart derfor stilt krav om at medlemane ikkje skulle ha bindingar til politisk leiing eller til administrasjonen. I forskrift om kontrollutval og revisjon frå 2004 vart det likevel krav om at minst ein av medlemane i utvalet skulle vere kommunestyremedlem. I kommuneloven frå 2018 er det òg krav om at det skal vere minst frem medlemar i utvalet og at leiaren ikkje kan vere medlem av same parti eller gruppe som ordføraren, jf. § 23-1. I forskrifta frå 2004 vart det i tillegg krav om at kommuneadministrasjonen, eller dei som gjer revisjonsoppgåver for kommunen, ikkje kunne vere sekretariat for utvalet. Då lova vart innført kunne til dømes kommunerevisjonen vere sekretariat for utvalet. Kontrollutvalet skal kontrollere revisjonen av kommunerekneskapane og at økonomiforvaltninga følgjer gjeldande reglar. Det skal òg syte for forvaltningsrevisjon av den kommunale verksemda. Oppgåvene inneber òg å føre «eierskapskontroll» med dei som «utøver kommunens eierinteresser jf. § 23-4. Kontrollutvalet skal lage ein plan for kvar det er størst trong for forvaltningsrevisjon og kontroll av eigarskapen. Utvalet skal disponere eit sekretariat til arbeidet, som mellom anna skal gjere sakshandsaming, setje i verk vedtak og ta hand om arkivering. Sekretariatsfunksjonen er i eit stort fleirtal av kommunane organisert gjennom interkommunale selskap (IKS). Arkiv etter denne arkivskaparen inneheld som regel møtebøker og saksarkiv.