Virksomhet-ikon
Sti:
IKAH/K-1219
1916 -

Bømlo vart eigen heradskommune frå 01.07.1916, då Finnås heradskommune vart delt mellom soknene Moster, Bremnes og Bømlo, som vart eigne heradskommunar. I 1963 gjekk desse tre heradskommunane igjen saman til Bømlo kommune. Fram til 1917 var namnet på heradskommunen Bømmel. Då vart det endra til Bømlo. Kommunen ligg i Sunnhordland på Bømmeløya og ei mengd med mindre øyar og holmar som kransar seg kring denne øya. Etter kommune-samanslåinga i 1963 grensa Bømlo kommune til Sveio i søraust, til Stord i aust og til Fitjar i aust og nord. Grensa i vest går mot Nordsjøen og havet. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 vart Finnås formannskapsdistrikt oppretta og gjort gjeldande frå 1838. " I ethvert Præstegjeld paa Landet skal det være et Formandskab....." Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. Ved kgl.res. av 24.03.1916 vart dei 3 soknene i Finnås heradskommune eigne heradskommunar: " Kongelig resolusjon av 24. mars 1916, hvorved Finnås herred i Søndre Bergenhus amt deles fra den tid, som amtmanden bestemmer, paa de av herredstyret i møter 24. mai, 20. august og 15. oktober 1912, 8. oktober 1913 og 26 januar 1914 vedtagne vilkaar i tre herreder, Moster herred, omfattende Moster sogn, Bremnes herred, omfattende Bremnes sogn, og Bømmels herred, omfattende Bømmel sogn. " Gjeldande frå 01.07.1916 vart Bømlo eigen heradskommune. Ved kgl.res. av 03.11.1917 vart namnet på heradskommunen endra frå Bømmel til Bømlo. Ved kgl.res. av 08.12.1961 vart Bømlo heradskommune slått saman med Moster og Bømlo til ein heradskommune. " I medhald av mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga, vert Bremnes, Moster og Bømlo kommunar i Hordaland fylke slegne saman til ein heradskommune. Tidspunktet for samanslåinga vert fastsett seinare. " Kgl.res. av 18.05.1962 om samanslåinga: " I medhald av mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett: 1. Samanslåinga av Bremnes, Moster og Bømlo kommunar i Hordaland fylke, som vart vedteke ved kongeleg resolusjon den 8. desember 1961, vert gjennomførd frå 1.januar 1963 2. (....) 9. " Ved kgl.res. av 19.10.1962 vart namnet på den nye heradskommunen fastsett til Bømlo. Kjelder:: Matrikkelen av 1838 ( for tinglaga) Norsk Lovtidende / Departementstidende ( kgl.res.) Register over kyrkjebøker, Statsaaaarkivet (prestegjeld- soknedeling) Register over lensmannsarkiv, Statsarkivet ( tinglag og lenmannsdistrikt) 1997 ÅES

Arkivinstitusjoner: