Moster vart eigen heradskommune frå 01.07.1916 , då Finnås heradskommune vart delt mellom soknene Moster, Bremnes og Bømlo, som vart eigne heradskommunar. I 1963 gjekk desse tre heradskommunande igjen saman til Bømlo kommune. Kommune låg i Sunnhordland på Bømmeløya og ei mengd med mindre øyar og holmar som kransar seg kring denne øya. Før kommune-samanslåinga i 1963 grensa Moster til Stord i aust, til Valestrand i søraust, til Bømlo i sør og til Bremnes kommune i vest. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 vart Finnås formannskapsdistrikt oppretta og gjort gjeldande frå 1838. " I ethvert Præstegjeld paa Landet skal det være et Formandskab....." Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. Ved kgl.res. av 24.03.1916 vart dei 3 soknene i Finnås heradskommune eigne heradskommunar: " Kongelig resolusjon av 24. mars 1916, hvorved Finnås herred i Søndre Bergenhus amt deles fra den tid, som amtmanden bestemmer, paa de av herredstyret i møter 24. mai, 20. august og 15. oktober 1912, 8. oktober 1913 og 26 januar 1914 vedtagne vilkaar i tre herreder, Moster herred, omfattende Moster sogn, Bremnes herred, omfattende Bremnes sogn, og Bømmels herred, omfattende Bømmel sogn. " Gjeldande frå 01.07.1916 vart Moster eigen heradskommune. Ved kgl.res. av 08.12.1961 vart Moster heradskommune slått saman med Bremnes og Bømlo til ein heradskommune. " I medhald av mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga, vert Bremnes, Moster og Bømlo kommunar i Hordaland fylke slegne saman til ein heradskommune. Tidspunktet for samanslåinga vert fastsett seinare. " Kgl.res. av 18.05.1962 om samanslåinga: " I mehhald av mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett: 1. Samanslåinga av Bremnes, Moster og Bømlo kommunar i Hordaland fylke, som vart vedteke ved kongeleg resolusjon den 8. desember 1961, vert gjennomførd frå 1.januar 1963 2. (....) 9. " Ved kgl.res. av 19.10.1962 vert namnet på heradskommune fastsett til Bømlo. Kjelder:: Matrikkelen av 1838 ( for tinglaga) Norsk Lovtidende / Departementstidende ( kgl.res.) Register over kyrkjebøker, Statsarkivet (prestegjeld- soknedeling) Register over lensmannsarkiv, Statsarkivet ( tinglag og lenmannsdistrikt) 1997 ÅES