Granvin vart eigen heradskommune i 1891, då den vart utskilt frå Ulvik heradskommune. Det første namnet var Graven heradskommune, men i 1898 vart dette endra til Granvin. Kommunen ligg i Hardanger i Hordaland fylke, og grensar i aust til Ulvik kommune, i sør til Ullensvang, i vest til Kvam og mot Voss kommune i vest og nord. Kommunen ligg på båe sider av Granvinsfjorden, som er ein sidearm til Hardangerfjorden. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 skulle kvart prestegjeld på landet utgjera eit formannskapsdistrikt. Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. Granvin nyttar framleis nemninga herad, Granvin herad. I 1838 høyrde Graven sokn til Graven formannskapsdistrikt, som fekk sams grenser med Graven prestegjeld. Ved kgl.res. av 30.12.1857. gjeldande frå 1. januar 1858 endra Graven prestegjeld namn til Ulvik prestegjeld. Graven formannskapsdistrikt endra namnet til Ulvik formannskapsdistrikt. Ved kgl.res. av 06.12. 1890 vart Graven sokn utskilt frå Ulvik heradskommune og vart eigen heradskommune, gjeldande frå 1. mai 1891. "hvorved er bestemt, at Ulvik herred i Hardanger og Voss fogderi, Søndre Bergenhus amt, fra den tid, som af amtmanden nærmere bestemmes, skal deles i 3 herreder, saaledes at hvert af sognene Ulvik, Graven og Eidfjord kommer til at udgjøre et eget herred." Ved kgl.res. av 1. april 1898 vart namnet endra frå Graven til Granvin. " hvorved er bestemt, at Graven Herred og Sogn i Hardanger og Voss Fogderi, Søndre Bergenhus Amt, for Eftertiden bliver at benævne Granvin Herred og Granvin Sogn. " Gjeldande frå 1964 skjedde det store endringar i kommuneinndelinga i Hordaland, til liks med resten av landet. For Granvin kommune sitt vedkommande skjedde dette: " Kongeleg resolusjon av 9. august 1963: (....) 2) Lussand - Kvanndalområdet av Kinsarvik kommune vert ført over til Granvin kommune i same fylke. " Kjelder: Matrikkelen av 1838 ( for tinglaga) Departementstidende, Norsk lovtidende m.m. ( kgl.res.) Register over kyrkjebøker, Statsarkivet (prestegjeld- soknedeling) Register over lensmannsarkiv, Statsarkivet ( tinglag og lenmannsdistrikt)