Overformynderiet si oppgåve har vore å forvalta dei umyndige sine midlar. Dette gjeld både umyndige av år, umyndiggjorte og arvingar som er fråverande og difor ikkje kan overta og forvalta arven. Overformynderiet på landsbygda går attende til 1770 åra og vart administrert av sorenskrivarane. Ved lov av 28.09.1857, gjeldande frå 1859, vart overformynderiet gjort kommunalt. Eit overformynderidistrikt skulle normalt tilsvara eit tinglag, men kunne etter vedtak i dei formannskapa det gjaldt, tilsvara en kommune eller fleire tinglag. Slike endringar skulle godkjennast av amtmannen. Sorenskrivaren og formannskapet, evt formannskapa, utnemnde to overformyndarar i kvart distrikt. Desse skulle utnemna verjer saman med sorenskrivaren. Verjene skulle forvalta myndlingane sin kapital under kontroll av overformyndarane. Overformyndarane skulle årleg avleggja rekneskap over alle midlar som var under deira sitt ansvarsområde. Ved lov av 22.04.1927 vart reglane om overformynderiet like for by og land. Det skulle no vera eit overformynderi i kvar kommune og overformyndarane skulle veljast av formannskapet. I dei kommunale arkiva vil det finnast arkivmateriale etter overformynderiet frå 1859. Arkiva vil vanlegvis innehalde møtebøker, dagbøker, kopibøker, postjournalar, korrespondanse etter sakshandsaminga og overformynderruller (stor og liten rulle). Rullene inneheld fastlagde skjema for myndlingane med opplysningar om kapital og verje. Denne store rulle vart opphavleg ført når kapitalen var over 40 spd, den mindre rulle vart ført frå 1863 når kapitalen var mindre. Kvar verje skulle føre ei eiga verjebok, med opplysningar om si forvaltning av myndlingane sin kapital. Det skulle vidare førast protokoll for panteobligasjonar. Frå 1897 skulle det førast protokoll for skifteutlegg til myndlingane, og frå 1929 protokoll for registrering av uskifta bu. Elles kan det finnast ymse register, rekneskapsbøker og klientmapper. Den 1. juli 2013 vart dei kommunale overformynderia avvikla og oppgåvene vart overført til Fylkesmannen

Arkivinstitusjoner: