Ved lov av 2.04.1917 påla provianteringsråda - eller særskilte nemnder - å arbeida for at folk kunne leiga jord for å dyrka jordbruksprodukt til eige bruk. Provisorisk anordning av 10.01.1918 og midlertidig lov av 23.03.1918 fastsette at kommunestyra skulle velja ei eller fleire næringsnemnder, som skulle arbeida for å auka jordbruksproduksjonen i kommunen. Oppgåvene til nemnda var m.a. å gje innstilling til kommunen om avståing av jord som ikkje vart halden i hevd, slik at denne kunne leigast ut til private eller verta driven heilt eller delvis for kommunen si rekning, og å gje pålegg om utleige av hestar til jordbrukarar som mangla trekkraft. I arkiva etter næringsnemndene vil ein finne møtebøker og rekneskapsprotokollar. I arkiva etter provianteringsrådet vil det også finnast arkivmateriale etter arbeidet med å auka jordbruksproduksjonen. Lov av 19.11.1920 fastsette at det i kvar kommune eller sokn skulle veljast eit jordstyre, samansett av tre jordbrukskyndige medlemer. Jordstyret skulle tilsetja ein eller fleire til å planleggja og kontrollera jorddyrkinga i kommunen. Lov av 29.06.1922 fastsette at ein av medlemene i jordstyret skulle vera bygningskyndig. Ved lov av 22.06.1928 (jordlova) vart talet på medlemer i jordstyret utvida til fem. Lova fastsette at jordstyre skulle hjelpa kommunen med å skaffa til veges jord for dei som søkte om dette, enten gjennom frivillig sal eller gjennom oreigning. Jordstyret kunne også gripa inn dersom jordbruket vart vanstelt. Jordstyret skulle også hjelpa dei jordsøkjande med ordning av den økonomiske delen av jordkjøpet. Lov av 10.03.1938 presiserte at jordstyret skulle utarbeida plan for utnytting av dyrkingsjord, særleg med sikte på å utvida bruk som er for små og å leggja tilhøva til rette for bureising. Staten gav gjennom ymse fond lån og støtte til bureising og jorddyrking. Nye tilskotsordningar kom til etter kvart. Etter dei til ei kvar tid gjeldande reglar skulle jordstyret rå til søknader om tilskot for jorddyrking, gjødselkjellarar, potetkjellarar, silobygg, reparasjon av eldre driftsbygningar og våningshus, eller til nyoppføring av bygningar på bureisingsbruk o.s.v. Tilrådinga gjekk til landbrukselskapet i fylket, som avgjorde søknaden. Det skulle også førast kontroll med ferdiggjering av arbeidet og utbetaling av løyvde tilskot. Oppgåvene for jordstyret vart etter kvart så mange, at det i dei fleste landkommunar vart oppretta jordstyrekontor som skulle ta seg av dei daglege gjeremåla. Dette kontoret vart normalt leia av ein fastløna person som var jordbruksutdanna. Dette kunne vera ein jordstyresekretær eller heradsagronomen. Heradsagronomen var tilsett i eit heradsagronomdistrikt, som kunne vera to eller tre kommunar. Han sorterte fagleg under landbruksselskapet, seinare landbrukssjefen i fylket, og var løna delvis av staten og delvis av herredsagronomdistriktet. Heradsagronomen skulle frå 1959 vere saksførebuar og fagleg konsulent for jordstyret. Etter 1945 var det vanleg at jordstyret uttalte seg i konsesjonssaker. Jordlova av 1955 erstatta lova av 1928. Etter den fekk jordstyret ein god del statlege oppgåver når det gjaldt å verna om den dyrka og dyrkbare jorda, og det som var mest gagnleg for samfunnet når det galdt tilrettelegging av jordviddene i landet med skog og fjell og alt som høyrer til, og til beste for dei som har jordbruk som yrke. Med verknad frå 1981 vart dei kommunale jordstyra sine oppgåver overtekne av staten. Jordstyrekontoret vart statleg, og fekk namnet landbrukskontoret, og jordstyret skifta namn til landbruksnemnda, som vart valt av kommunestyre. I arkivet frå jordstyret vil i det i tidsrommet 1921 1980 finnast møtebøker, kopibøker, brevjournaler, korrespondanse, gards og eigedomsarkiv, dyrkings planar og protokollar, protokollar for dei ymse tilskota, daglister, tilvisningsbøker, rekneskapsbøker og bilag m.m.