Virksomhet-ikon
Sti:
IKAH/K-1263
1838 - 2019

Lindås vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837. Kommunen ligg i Norhordland, og etter kommunesamanslåinga i 1964 er grensa i vest mot kommunane Austrheim og Radøy, i sør mot Meland og Bergen, i søraust mot Osterøy, i aust mot Vaksdal og Modalen og i nordaust mot Masfjorden. I nord grensar Lindås til Gulen kommuen i Sogn og Fjordane fylke, med Fensfjorden som naturleg grense. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 vart Lindås formannskapsdistrikt oppretta og gjort gjeldande frå 1838. " I ethvert Præstegjeld paa Landet skal det være et Formandskab....." Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. Ved kgl.res. av 25.01.1879 vart det godkjent at Masfjorden prestegjeld skulle frådelast Lindås heradskommune og verta eigen Masfjorden heradskommune. "hvorved er bestemt: 1. At Approbation i Henhold til Lov af 25de Februar 1860 § 1 meddeles paa de af Formænd og Repræsentanter for Lindaas Herred i Nordhordlands Fogderi, Søndre Bergenhus Amt, under 22de Februar 1876, 17de Januar 1877 og 8de Juli 1878 fattede Beslutninger om Herredets Deling i 2de Herreder, Lindaas og Masfjorden, svarende til Præstegjeldene af samme Navn og hvert udgjørende et særskilt Skole- og Fattigvesendistrikt. 2. At Amtmander bemyndiges til at bestemme, fra hvilken Tid Delingen bliver at iværksætte." Ved kgl.res. av 25.06.1909 vart det gjort vedtak om at soknene Austrheim og Fedje skulle frådelast Lindås og verta eigen heradskommune, Austrheim. " hvorved Lindaas herred i Søndre Bergenhus amt fra den tid, som av amtmanden bestemmes, paa de av herredstyret i møte den 20. november 1908 vedtagne vilkaar deles i to herreder: Lindaas herred, omfattende sognene Lindaas, Myking og Lygre, og Austrheim herred, omfattende sognene Austrheim og Fedje." Ved kgl.res. av 17.10.1930 vart Kvamme gnr. 19 bnr. 1-5 og 7-8 overført til Hosanger heradskommune. Gjeldande frå 1964 skjedde det store endringar i kommuneinndelinga i Hordaland fylke, til liks med resten av landet. Ved kgl.res. av 07.09.1962 vart det gjort vedtak om desse endringane for Lindås heradskommune: " Kgl.res. av 07.09.1962 om at det skal gjerast fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Hordaland fylke: ( ....) 2) Alversund kommune, Lindås kommune ( med unntak av Sletta krins og gardane Einestrand, Eikebotn og Kikallen), Hamre og Hosanger kommunar sine område nord for Osterfjorden, Titland krins av Sæbø kommune og eigedomane under gnr. 70 Nipo, gnr. 71 Dyrkolbotn og gnr. 72 Eitrdalen av Modalen kommune skal skipa ein heradskommune. (....) 5) Eigedomane under gnr. 1 Einestrand, gnr. 2 Eikebotn og gnr. 3 Kikallen av Lindås kommune vert lagde til Masfjorden kommune. " Kgl.res. av 21.06.1963 fastsette at ovanståande resolusjon skulle gjerast gjeldande frå 01.01.1964. Ved kgl.res. av 09.08.1963 vart fylgjande vedtak fatta: " I medhald av mellombels lov av 21.juni 1956 om revisjon av komuneinndelinga vart fastsett: (...) 3) Den nye heradskommunen på Lindåshalvøya, skipa av kommunane Lindås (unnateke Sletta krins og gardane Einestrand, Eikebotn og Kikallen) og Alversund og delar av Hamre, Hosanger, Modalen og Sæbø kommunar, får namnet Lindås. Kjelder: Matrikkelen av 1838 ( for tinglaga) Norsk Lovtidende / Departementstidende ( kgl.res.) Register over kyrkjebøker, Statsaaaarkivet (prestegjeld- soknedeling) Register over lensmannsarkiv, Statsarkivet ( tinglag og lenmannsdistrikt) Des. 1997 ÅES

Arkivinstitusjoner: